top of page

“Når han toppen på av dette skriver flotte poplåter med klare impulser fra både folkemusikk og jazz, låter som i stor grad fester seg etter et par runder i spilleren, og har med seg klassemusikere som Ivar Loe Bjørnstad (trommer), Ellen Brekken (bass), Helge Wahl Flatland (tangenter), Vegard Ringsby Hasselgård (gitar) og Erlend Viken (fele) og sjøl spiller saksofon med en like inderlig tone som han synger, så er det bare å ønske velkommen til ei ny flott stemme på alle slags vis”

- Tor Hammerø, Nettavisen

Kjetil Flatland har handplukka musikarar frå øvste hylle, og dei pregar uttrykket i stor grad.

 

Helge Wahl Flatland spelar tangentar. Han er utdanna ved Universitetet i Agder med piano som hovudinstrument. Helge er ein aktiv musikar, komponist og arrangør, som har medverka på diverse plateutgjevingar, turnear, framsyningar m.m. Han er ein virtuos på tangentar, som leikar fram klangar og harmoniar.

 

Vegard Ringsby Hasselgård var klassekamerat med Kjetil på Norges Musikkhøgskole, der han hadde jazzgitar som hovudinstrument. Han er ein aktiv musikar med brei erfaring innan fleire sjangrar og frå diverse prosjekt. Han har tidlegare bakgrunn som klassisk gitarist; noko som medfører at han har eit stort repertoar av teknikkar å velje mellom i sitt virke som rytmisk gitarist. 

 

Ellen Brekken gjekk samstundes med Vegard og Kjetil på Norges Musikkhøgskole, der ho hadde bass som hovudinstrument. Ho spelar m.a. i Hedvig Mollestad Trio, og vart Spellemannsnominera i klassa rock for albumt All Of Them Witches i 2013. Ho jobbar også mykje for Rikskonsertene, og som teatermusikar. Det anbefalast å sjekke ut heimesida hennar: www.ellenbrekken.com!

 

Ivar Loe Bjørnstad er ein av landets beste jazztrommisar, og han har også utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole. Han jobbar m.a. i fleire eksprerimentelle konstellasjonar, og spelar i lag med Ellen i Hedvig Mollestad Trio.

 

Frode Flatland spelar trommer på albumet Ein song til deg. Han ein aktiv musikar, og turnerar for tida land og strand bak trommene i folk-rock-bandet STAUT.

 

Leif Johansen har produsert både Ein song til deg og Hyttetankar. Han flytte frå USA til Noreg i 1994, og han har jobba med fleire norske og internasjonale artistar som både bassist og produsent; A-ha, Scott Gorham, Jan Eggum, Rita Eriksen, Anne Grete Preus, SIlje Nergaard m.fl. 

Knut Buen var ein av bakmennene på albumet Ein song til deg, der han står for tekst og melodi på fleire av spora. Knut og Kjetil har gjennom ei årrekke hatt eit nært samarbeid. Knut er ein meisterspelemann og ordkunstnar, som i ei årrekkje er og har vore ein viktig og markera skikkelse i folkemusikkmiljøet og kulturlivet for øvrig i Noreg. Han var statsstipendiat frå 1989, og har m.a. blitt utnemnd til riddar av 1.klasse av St.Olavs orden.

Jonas Killmork Vemøy er ein studiekompis av Kjetil, og er best kjent som trompetist. Han spelar m.a. i bandet Pixel og med Marthe Wang - men på Hyttetankar korar han.

Erlend Viken splear fele på Vårflaum frå albumet Hyttetankar. Han vann felespel klasse A under Landskappleiken på Vågå i 2016, og er aktuell med sin eigen trio.

 

Heming Valebjørg spelar også på Vårflaum - her spelar han marimba. Han er tilsett som slagverker i Oslo-Filharmonien, og har dessutan fleire prosjekt ved sidan av.

BANDET

bottom of page