top of page

BIOGRAFI

“Jeg har umiddelbart fått meg en ny favoritt”

- Tor Hammerø, Nettavisen

“Visekunsten har gått opp og ned her i Norge. Denne utgivelsen er der oppe. Hvor sola skinner.”

- Helge Ottesen, Varden

“Når han også har fått med seg masse dyktige musikere blir det en veldig spennende, og ikke minst musikalsk litt annerledes plate”

- Finn Ulrik Berntsen, Nrk P1

Saksofonisten, songaren og songskrivaren Kjetil Flatland frå Seljord i Telemark er aktiv på mange frontar. Han er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, og hadde allereie brei erfaring som musikar då han gav ut sitt kritikarroste debutbalbum Ein song til deg i 2015. Albumet var i stor grad eit samarbeid med meisterspelemann og kulturbærar Knut Buen, som hadde skrive fleire av tekstene og melodiane på plata. 

I 2017 kom oppfølgjaren, Hyttetankar, som hausta strålande kritikkar.

31.mars 2023 kjem hans nye album, "Når timen er blå". Her vidarefører og vidareutvikler Kjetil Flatland uttrykket sitt. Musikken er i eit viselandskap med impulsar frå jazz, folkemusikk og pop, der musikk og tekst går hand i hand. Flatland lyfter fram store og små problemstillingar i livet og i verda, og sett det inn i eit heimekjært og gjenkjenneleg univers. 

bottom of page